Sebastian Solevåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sebastian Solevåg
SOLEVAAG S. (16033404620).jpg
Fødd 13. juli 1991
Ålesund
Yrke alpinist

Sebastian Johann Foss Solevåg (fødd 13. juli 1991) er ein norsk alpin skirennar frå Ålesund. Under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang var Solevaag med i det norske mannskapet som tok bronse i lagtevlinga. Han er medlem i Spjelkavik Idrettslag.

Solevåg deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji, der han vart nummer ni i slalåm, same plasseringa i øvinga fekk han då VM i alpine greiner 2015 fann stad i Beaver Creek i USA. Nokre veker før meisterskapen i USA, vart han tredjemann i slalåm ved eit verdscuprenn i Zagreb 6. januar 2015. På tampen av 2016-sesongen tok han i St. Moritz ein ny tredjeplass i verdscupen i slalåm. Saman med Nina Haver-Løseth, Kristin Lysdahl, Maren Skjøld, Leif Kristian Haugen og Jonathan Nordbotten sikra Solevaag Noreg ein overraskande bronsmedalje i lagtevlinga ved vinterleikane 2018 i sørkoreanske Pyeongchang. Individuelt enda Solevaag på tiandeplassen i spesialøvinga slalåm.

Solevåg vart norsk meister i slalåm i 2013 og i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]