Sebeš
Sebeš | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Sebeš |
Sebeš (serbisk Себеш) er ei elv, ei myr og ein stad i Beograd, hovudstaden i Serbia. Alle tre ligg i kommunen Palilula i Beograd.
Sebeš eller Mokri Sebeš (serbisk Мокри Себеш) er eit system av kanalar i myrene i den nedre Pančevački Rit. Dei spring ut sør for Borča og renn austover til dei munnar ut i Donau. Sebeš er ein av dei mest populære fiskestadane i Beograd. Ho vart kalla opp etter ein ungarsk landeigar i området.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sebeš» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.