Sebi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sebi»
Song av zalagasper
Land Slovenia
Språk Slovensk
Utgjeve 16. februar 2019
Sjanger Synthpop, elektronisk musikk
Lengd 03:17
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Zala Kralj og Gašper Šantl
Zala Kralj & Gašper Šantl framfører «Sebi» i Tel Aviv i 2019.

«Sebi» er ein synthpopsong frå 2019 som vert framført av den slovenske duoen zalagasper (i 2019 under namnet Zala Kralj & Gašper Šantl). Songen vann den slovenske songtevlinga EMA 2019 og var det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på 15. plass i finalen.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Sebi» er skriven av kjærasteparet Zala Kralj og Gašper Šantl. Dei to møtte kvarandre på Instagram, vart kjærastar og danna duoen Zala Kralj & Gašper Šantl sommaren 2017. Same år spela dei inn sin fyrste song saman, «Valovi», som vart heidra med fleire musikkprisar i Slovenia.[1]

Hausten 2018 skreiv duoen låten «Sebi», den fjerde singelen til duoen.[1] Tittelen tyder 'deg sjølv' eller 'ein sjølv', og siktar til at du må vera tru mot deg sjølv. Teksta fortel vidare at du ikkje må føle deg som ein fiasko, men innsjå at det viktige er å vere saman, og at alt ikkje treng å ha ei meining.[2]

«Sebi» var eit av ti bidrag i den slovenske musikktevlinga EMA 2019 i regi av kringkastaren RTVSLO 16. februar 2019. Tevlinga er den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Songen avanserte til superfinalen, der han vann med 72,89 prosent av telefonrøystene. «Sebi» vart dimed det slovenske bidraget til Eurovision Song Contest.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Slovenia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Slovenia hadde startnummer 5.[4] «Sebi» vart blant dei ti beste i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[5] I finalen vart «Sebi» nummer 15 av 26 bidrag.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

Flag of Estonia.svg Estland (Eesti Tipp-40)[7] 32
Flag of Lithuania.svg Litauen (AGATA)[8] 33
Flag of Slovenia.svg Slovenia (SloTop50)[9] 3
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[10] 13
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 77

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ticket to Tel Aviv: Meet Zala Kralj & Gašper Šantl from Slovenia». 30. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  2. «Sebi lyrics / translation -- Zala Kralj & Gasper Santl (Slovenia Eurovision 2019)» (på engelsk). 28. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  3. «Slovenia: Zala Kralj & Gašper Šantl win EMA 2019 with “Sebi”» (på engelsk). 16. februar 2019. Henta 7. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  5. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  6. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  7. «EESTI TIPP-40: Official Estonian Singles Chart». Siim Nestor at Eesti Ekspress. Henta 30. mai 2019. 
  8. «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019. 
  9. «SloTop50 | Tedenska lestvica največkrat zavrtenih skladb». Henta 7. mai 2019. 
  10. «Veckolista Heatseeker, vecka 21». Sverigetopplistan. Henta 24. mai 2019. 
  11. «Zala Kralj & Gašper Šantl - Sebi - hitparade.ch». Henta 26. mai 2019.