Sebu
Sebu | |
![]() Sebu | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Bos |
Art: | B. taurus |
Underart: | Sebu B. p. indicus |
Vitskapleg namn | |
Bos primigenius indicus |
Sebu, zebu, Bos primigenius indicus eller Bos indicus, stundom kalla pukkelfe, er ein type storfe med opphav i Sør-Asia. Dei har ein karakteristisk feittklump på skuldrene, lutande øyrer og ein stor kjøttlapp. Fargen er stålgrå og han har kraftige horn. Dei er tilpassa høge temperaturar og vert avla i mange tropiske land, både som rein sebu og som hybridar med tyrliknande storfe. Sebuar vert nytta som trekkdyr, mjølkekyr og som slaktekveg, samt som biprodukt som hud, avføring til brensel og gjødsel, og er slik det viktigaste tamkveget i Asia og Afrika.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Zebu» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2009.