Sedoheptulose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjelettformelen til sedoheptulose

Sedoheptulose, C7H14O7, er ein ketoheptose – eit monosakkarid med sju karbonatom og keton som funksjonell gruppe. Den blei først oppdaga i plantar og er ein av få kjende heptosar i naturen. Sukkeret er av stor biologisk verdi fordi det opptrer som mellomprodukt i direkte oksidativ nedbryting av glukose (sjå pentosefosfatsyklus) og i reaksjonar som følgjer karbonfikseringa under fotosyntese i plantar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]