Sedvanerett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sedvanerett er eit juridisk omgrep for rettsreglar som har blitt danna ved at eit bestemt handlingsmønster, opptreden eller oppfatting av rettar og plikter har blitt følgt over lang tid og blitt rettsleg forpliktande for rettssubjekta.

For at ein sedvane skal sjåast på som rettsleg bindande blir det normalt kravd at den har blitt følgt konsekvent i lang tid og at rettssubjekta på dette feltet har sett den som bindande. Eit anna sentralt moment er om andre rettskjelder taler mot at sedvanen er gjeldande rett. Sedvanerett er særleg vanleg i land som har eit dårleg utvikla rettssystem, men det har framleis stor betydning også i betre utvikla rettssystem.

I norsk rett spelar framleis sedvanerett ei stor rolle særleg innanfor kontraktsretten, forvaltingsretten og i statsretten. I statsretten i form av konstitusjonell sedvanerett. I internasjonal rett er sedvanerett ein faktor i internasjonal privatrett og i folkeretten (folkerettsleg sedvanerett).