Hopp til innhald

Seewoosagur Ramgoolam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seewoosagur Ramgoolam

Fødd19. september 1900
Flacq
Død15. desember 1985 (85 år)
Statsborgar avMauritius
Yrkepolitikar, velgjerar
Utdanna vedUniversity College London
London School of Economics
Royal College Curepipe
BarnNavinchandra Ramgoolam
Alle verv
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1976–1977)
  • Governor-General of Mauritius (1983–1985)
  • Mauritius' statsminister (1968–1982)
  • Chief Minister of Mauritius (1961–1968)
  • president (Labour Party, 1959–1984) Sjå dette på Wikidata

Sir Seewoosagur Ramgoolam (18. september 190015. desember 1985) var ein politikar av indisk ætt frå Mauritius. Ramgoolam var den fyrste statsministeren i landet etter at det vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1968, og er kjend som «nasjonens far».

Ramgoolam vart fødd i landsbyen Kewal Nagar i delstaten Flacq på Mauritius. Han var statsminister i den britiske kolonien Mauritius frå 1961 til 1968. Mahatma Gandhi var eit stort førebilete for han, og han jobba iherdig for at Mauritius skulle bli uavhengig frå Storbritannia utan valdeleg opprør. Då landet vart sjølvstendig den 12. mars 1968, heldt Ramgoolam fram i stillinga som statsminister, heilt fram til 1982. Anerood Jugnauth tok over som statsminister etter Ramgoolam. Frå 1983 vart Ramgoolam utnemnd til generalguvernør, og beheldt stillinga til han døydde i 1985.

I dag er Ramgoolam ein hylla personlegdom på Mauritius. Han er avbilda på alle myntane til den mauritiske rupien. Den botaniske hagen i Pamplemousses, Sir Seewoosagur Ramgoolam Botanical Garden, er oppkalla etter han. Det same gjeld Mauritius sin internasjonale flyplass, Sir Seewoosagur Ramgoolam International Airport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]