Segl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seil er omdirigert her. For øya i Skottland, sjå Seil i Skottland. For segl i tydinga avprent, sjå Sigill.
Kappsegling for fulle segl.

Segl er tøy-, duk eller materialstykke som er skorne og sett saman etter aerodynamiske prinsipp for at skip, båtar og andre farkostar skal kunne bruke vind som drivkraft. Funn tyder på at segl er nytta på båtar og skip gjennom 6 000 til 7 000 år.

Ein fagmann som kan laga segl vert kalla ein seglmakar.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Seglande kutter.

Det er viktig at segl har låg vekt og er lette å handtere. Materialet må ha høg strekk- og krympemotstand, vere faste og tette. Det må ta opp minst mogeleg vatn og overflata må vere glatt.

Opphavleg var seglduk laga av lin. I vikingtida vart segl ofte laga av ull. Midt på 1800-talet kom segl i bomull i bruk. Hundre år seinare dukka dei fyrste kunstfibrane opp, først i form av polyester.

Fordelane med linsegla var at dei var faste når dei blei våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det mogeleg å gå høgare opp mot vinden og kome snøggare fram. Bomullssegl vart fyrst nytta i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar nyttar ein framleis segl i lin og bomull.

Råsegl og sneisegl[endre | endre wikiteksten]

Råsegl på eit vikingskip.

Råsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Råsegl er normalt stilt tverrskips, mens sneisegl står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind gjekk ein seinare vekk frå det.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl, sprisegl og gaffelsegl til dagens segl som på dei fleste moderne båtar vert utforma og kombinert på ein måte kalla bermudarigg.

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreia seg dels om utvikling av materiale, mellom anna kevlar og mylar, dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.

Hjørnet av eit segl vert kalla barm, til dømes skøytebarm eller halsbarm. Ein brille i denne samanhengen er ein jarnklave i skøytebarmen. På eit gaffelsegl vert dette kalla gitau.

Samansetjing av segl[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonen av master og segltypar som er vald for ein båt vert kalla rigg. Seglskip vert ofte nemnd etter utforminga på riggen, til dømes fullrigger, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge trekanta. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til masta og bommen. Den tredje sida, akterliket, vert halden oppe i ein svak boge ved hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen kallar ein fokk. Dette seglet kan vere laga i forskjellige storleikar, tilpassa varierande vindtilhøve. Den minste varianten vert kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoa (stor).

Andre farkostar med segl[endre | endre wikiteksten]

Strandsegling med hjul.

Segl vert også nytta på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meier som vert nytta til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Segl