Segregasjon i mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Segregasjon eller magmatisk segregasjon er eit omgrep i mineralogi nytta om ein konsentrasjon av einskilde mineral ved krystallisasjon av eit magma. Ein del verdifulle malmførekomstar (segregasjonsmalmar) er danna på denne måten, anten i form av tidleg utkrystalliserte metalloksid eller frå ein sulfidsmelte som skilst ut som ein ublandbar fase i eit silikatmagma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]