Seife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seif)
Svartsandkonsentrat

Seife, seif, seifdyne eller placer er sand- og grusavleiringar som inneheld anrikningar av nyttige mineral, som til dømes gull, platina, kassiteritt og edelsteinar.

Gullvasking av seife var den viktigaste teknikken til å finne gull under dei mange gullrusha.

Seife-material må vere både tette og kunne motstå forvitringsprosessar. For å kunne akkumulere i seife, må mineralpratiklar vere langt tettare enn kvarts, sidan kvarts som regel er den største komponenten i sand og grus. Seifemiljø inneheld vanlegvis svartsand.

Namnet placer kjem frå det spanske ordet for «alluvial sand».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Seife. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.
  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Placer. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.