Seigdragingseigenskapar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seigdragigseigenskapar er eit omgrep som fortel korleis dreiemomenter til ein motor endrar seg i høve til turtalet når lasta aukar. Når turtalet går ned på grunn av auka last, minkar effekta, men dreiemomentet aukar. Når dreiemomentkurva er bratt og toppen ligg ved eit lågt turtal seier ein at motoren har «gode seigdragingseigenskapar».

I samband med saktegåande køyretøy, som til dømes traktorar, er det eit føremon at dreiemomentet aukar når lasta aukar, ettersom ein då ikkje treng å skifta til eit lågare gir så snøggt som ein ellers måtte. Når ein koplar fri motoren for å skifta gir i låg fart stoggar køyretøyet og ein lyt «ta laust» att etter girskiftet, noko som slit på koplinga. «Elastisiteten» som ein «seig» motor innfører kan gjera at ein kan halda fram i same gir når ein til dømes under pløying kjem til ein liten motbakke eller til eit område med tung jord. Om girkassen er synkronisert kan ein gira ned snøggare, men ved låg fart stoggar likevel køyretøyet.

Når eit køyretøy held høg fart rekk ein å skifta til eit lågare gir utan at køyretøyet stoggar, men farten vert likevel redusert noko medan motoren er fråkopla. Når girkassen er synkronisert går det snøggare å gira ned og ein taper mindre fart. Personbilar vart difor utstyrte med synkroniserte girkassar frå 1930-talet og utover. For lastebilar, der girkassen vert utsett for mykje større dreiemoment, tok det lengre før det vart vanleg med synkroniserte girkassar og for traktorar endå lengre. At ein traktormotor hadde gode seigdragingseigenskapar har ofte vorte nytta som eit salsargument.

For dieselmotorar ligg toppen på dreiemomentkurva ved eit mykje lågare turtal enn for forgassarmotor, noko som kjem av at forbrenninga er strekt ut over eit lengre tidsrom i dieselmotorar. Det er likevel stor skilnad mellom ulike motorar. Nokre traktormotorar, som til dømes den tosylindra dieselmotoren Bolinder Munktell 1052, som vart nytta i Bm 230 Viktor og beltetraktoren BM 230 Bamse, var kjent for å ha uvanleg gode seigdragingseigenskapar. I nostalgiske krinsar vert han difor av og til omtala som «den legendariska sägdragaren».

Når køyretøyet er utstyrt med hydrodynamisk dreimomentforsterkar, som er vanleg på anleggsmakiner, er ikkje seigdragingseigenskapane til motoren like viktige. Grunnen til at dreimomentforsterkar ikkje er så utbreidde på lastebilar og landbrukstraktorar er at dei har større tap enn mekaniske girkassar. Moderne girkassar har i nokon grad redusert betydninga av seigdragingseigenskapane og ved utvikling av nye motorar vert det ofte lagt meir vekt på andre eigenskapar, som høg verkningsgrad og fullstendig forbrenning av drivstoffet, for å oppfylla miljøkrava som etter kvart tek til å verta lovfesta.