Seiland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seiland
Lokalt namn: Sievju
Geografi
Norway - Seiland.png
Stad Vest-Finnmark
Koordinatar 70°24′N 23°18′EKoordinatar: 70°24′N 23°18′E

Areal 559 km²

Høgaste punkt Seilandstuva (1079 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke
Kommunar
Finnmark
Alta, Hammerfest, Kvalsund

Demografi
Folketal 190 (2007)

Seiland (nordsamisk: Sievju) er ei øy sørvest for Hammerfest by. Øya er deld mellom Hammerfest, Alta og Kvalsund kommunar, og har eit areal på 559 km². Ho er den åttande største i Noreg, når ein ikkje reknar med Svalbard, og den fjortande største om ein reknar med Svalbard. Det høgaste punktet på Seiland er Seilandstuva på 1079 moh. Øya er omgjeve av Sørøya i nord, Kvaløya i nordaust, fastlandet i aust og sør og Stjernøya i sørvest.

Arkeologiske funn har vist at det har vore folk på Seiland i om lag 7000 år. I dag er det berre i Kårhamn, Hønseby, Eidvågeidet, Fiskebukta, Survika, Altneset og Hakkstabben det bur folk, og fleire mindre fiskevær på øya er fråflytte. Seiland har 190 innbyggarar (2007), 150 av dei bur i Hammerfest kommune og 40 i Alta kommune.

Øya er sommarbeite for rein som går på Finnmarksvidda om vinteren. Seiland nasjonalpark vart oppretta i 2006, og femner 316 km² av øya.

Det er to isbrear på Seiland, Seilandsjøkelen og Nordmannsjøkelen.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.