Seim kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°36′57″N 5°16′37″E

Seim kyrkje
Seim kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Seim
Fellesråd Lindås
Type Langkyrkje
Arkitekt Johannes Øvsthus[1]
Innvigd 16. juli 1878[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kum frå 1100-talet
Sitjeplassar 300[2]
Wikimedia Commons: Seim kyrkje

Seim kyrkje står på Hoplandsleitet i Seim i Lindås kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1878. Arkitekt for kyrkja var Johannes Øvsthus.

Seim kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Seim kyrkje
Foto: B Ystebo

Det har vore kyrkje i Seim sidan mellomalderen. Fyrste gongen Seimskyrkja er nemd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring 1360. Denne kyrkja var mest truleg ei stavkyrkje som har vorte avløyst av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig. Dagens kyrkje står kring 500 meter nordom den gamle kyrkjestaden.

Seim kyrkje er soknekyrkje i Seim sokn i Nordhordland prosti. Seim høyrde til Hamre prestegjeld til 1749. Då vart Seim saman med sokna Hosanger og Mo skilde ut som Hosanger prestegjeld. I 1885 vart Seim overførd frå Hosanger til Alversund prestegjeld.[3]Ho høyrde til Alversund prestegjeld fram til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norges Kirker: «Seim kirke» på nettstaden til NIKU og KAVitja 9. april 2014
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Seim kirke», s.366
  3. «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]