Seimsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°38′13.218″N 5°13′43.702″E Seimsfjorden er ein fjordarm av Lurefjorden i Lindås kommune som strekkjer seg litt over 5 km søraustover til Seim.

Fjorden har innløp ved neset Kråketangen, som ligg på austsida av fjorden. Fleire grender ligg på begge sider av fjorden, som Ramnberget, Mongstad (ikkje Mongstad litt lenger nord der oljeraffineriet ligg), Neset, Spurkeland og Skor.