Sein ordovicium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sein ordovicium, òg kalla øvre ordovicium av geologar, er den tredje epoken i ordovicium og vart frå tida 461 til 443,7±1,5 millionar år sidan.

På denne tida kolliderte Vest- og Sentral-Europa med Nord-Amerika og danna Laurentia, medan isbrear vart danna på Gondwana, som låg over Sørpolen. Dette førte til eit fall i den globale temperaturen og «ishus»-tilhøve.

Det meste av livet i denne perioden heldt fram å bløme, men ved og nær enden av perioden var det fleire masseutryddingar som råka hardt plantonliknande grupper som konodontar og graptolittar, samt grupper av trilobittar (agnostida og pytchopariida, som døydde heilt ut og asaphida som vart kraftig redusert). Armføtingar, mosdyr og pigghudingar vart òg hardt råka, medan endoceride blekksprutar døydde heilt ut, bortsett frå frå mogelege sjeldne artar i silur. Den ordovikisk-siluriske masseutryddinga kan gått til på grunn av istida som oppstod i slutten av ordovicium og var ein av dei kaldaste periodane dei siste 600 millionar åra av historia til jorda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium