Sekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sekken
Sekken med Veøy i forgrunnen, Hangholmen i midten
Sekken med Veøy i forgrunnen, Hangholmen i midten
Geografi
Norway - Sekken.png
Stad Romsdalsfjorden
Koordinatar 62°39′18″N 7°19′40″E
Areal 18,45 km²
Høgaste punkt Tranhaugen (304 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke
Kommune
Møre og Romsdal
Molde
Demografi
Folketal 150 (2005)
Folketettleik 8,1 /km²

Sekken er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er 18,45 km² stor, har om lag 150 innbyggjarar (2005), og ligg ca 40 minutts ferjetur frå Molde by.

Det høgste punktet på øya er Tranhaugen på 304 meter. Det går ein 20 kilometer lang grusveg rundt øya, som har barne- og ungdomsskule og barnehage, samt daglegvarebutikken Samsen, bygd på dugnad. Andreas Lunnans programserie Rundt neste svingNRK hadde i 2003 ein dokumentar frå Sekken.

Sekken sett frå Romsdalsfjorden

Namnet Sekken har ikkje noko med ein sekk å gjere, men kjem frå norrønt /sæ-kinn/, som tyder noko slikt som «det bratte landet som stig opp frå sjøen». Denne eigentlege tydinga visest òg i måten den opphavlege lokalbefolkninga uttalar namnet på øya, /sekkjinn/. Sekken er nemleg den brattaste og høgste øya i Romsdalsfjorden, mens dei andre, som Veøya og Bolsøya, er relativt flate.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Håkon Herdebrei skal ha vorte drepen av Erling Skakke i eit sjøslag utanfor Sekken i 1162, og det blir kvart år skipa til ein turmarsj på øya for å minnast dette, attåt ein bautastein som står attmed kyrkja på øya.

Nedlegging og oppbygging[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart den førre butikken på Sekken lagd ned. Tre år seinare, i februar 2000, vart det skipa eit aksjeselskap som skulle starte ny daglegvarebutikk. Det vart selt aksjar for over 400 000 kronar, og ein butikk vart reist på dugnad.

Skulen og barnehagen har fleire gonger vore trua av nedlegging som følgje av nedskjeringar i det kommunale budsjettet, men dette har kvar gong møtt motstand og demonstrasjonar frå folket på øya, og har framleis ikkje fått gjennomslag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]