Sekretær som yrke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sekretær (fleirtyding).
Rose Mary Woods var sekretær for den amerikanske presidenten Richard Nixon.

Sekretær som yrkestittel er vanlegvis nytta om ein person som har ei støtterolle i ein administrasjon. Vanlege arbeidsoppgåver for ein sekretær er å svare på telefonar, skrive brev, tekstbehandling og liknande administrative oppgåver. Ein sekretær er ofte ein del av eit støtteapparat for ein leiar eller ei leiing. Etter kvart som IT har endra innhaldet av sekretærarbeidet, har personar med sekretærtittel ofte fått meir innhaldstome stillingstitlar som konsulent, førstekonsulent eller rådgjevar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare har det vore vanleg at dette var ein mannsdominert jobb. Det har no i lang tid vore ei stor overvekt av kvinner i dette yrket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]