Sekret av Ronela Hajati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Sekret»
Song av Ronela Hajati

Land Albania
Språk Albansk, engelsk
Utgjeve 2. desember 2021
Sjanger Folk[1], funk[1], moombahton[1], pop, reggaeton[1]
Lengd 03:34
Selskap Eige forlag
Låtskrivar(ar) Ronela Hajati

«Sekret» (norsk omsetjing 'løyndom') er ein albansk song frå 2021 som er skriven og framført av songaren og låtskrivaren Ronela Hajati. Songen vart gjeven ut som singel på eige forlag 2. desember 2021. Nokre veker etter vann songen den 60. utgåva av den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, og han vart det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Sekret» er skriven og komponert av Hajati sjølv og produsert av den albanske musikkprodusenten Marko Polo. Songen kombinerer tradisjonelle og moderne element, og er ein uptempo-låt innan etnisk pop-sjangaren med folkemusikk-element.[2] Hajati gav ut «Sekret» på eige forlag 2. desember, og låten vart seinare omarbeidd i samarbeid med den nederlandske musikkprodusenten Diztortion i London.[3] Songen hadde opprinneleg albansk tekst, men ein engelskspråklig versjon vart gjeven ut saman med ein tilhøyrande muiskkvideo 4. mars 2022.[4]

Den albanske ålmennkringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) plukka ut songen til å delta i den 60. tilskipinga av songtevlinga Festivali i Këngës. Tevlinga bestod av to semifinalar 27. og 28. desember, med finale 29. desember 2021. Vinnaren fekk representere Albania i Eurovision Song Contest. «Sekret» avanserte til finalen, og juryen kåra han til slutt som vinnar.[5] «Sekret» vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6]

I Eurovision Song Contest i Torino var «Sekret» det fyrste bidraget på scena i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai, og vart nummer 12 av 17. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Albania Albania (The Top List)[8] 3
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[9] 67

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «You've got to listen to 'Sekret' by Ronela Hajati». Illyian Pirates. 4. mars 2022. Arkivert frå originalen 6. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  2. Lahav, Doron (27. november 2021). «Around the Continent 2022 – Week 21». ESCBEAT (på engelsk). Henta 4. mars 2022. 
  3. «🇦🇱 Albania: "Sekret" to Undergo Revamp Ahead of Eurovision». Eurovoix (på engelsk). 3. januar 2022. Henta 4. mars 2022. 
  4. «Albania: Ronela Hajati releases "Sekret" revamp for Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 4. mars 2022. 
  5. «The 'Sekret' is out: Ronela Hajati will represent Albania 🇦🇱». Eurovision.tv (på engelsk). 29. desember 2021. Henta 4. mars 2022. 
  6. «Albania: Ronela Hajati wins Festivali i Këngës 60 and will sing "Sekret" at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 29. desember 2021. Henta 4. mars 2022. 
  7. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  8. «The Top List – 02/04/2022» (på albansk). Top Channel. 2. april 2022. Arkivert frå originalen 2. april 2022. Henta 2. april 2022. 
  9. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) – Εβδομάδα: 19/2022». International Federation of the Phonographic Industry Greece (IFPI Greece). Arkivert frå originalen 24. mai 2022. Henta 24. mai 2022.