Talet 6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seks)
Hopp til navigering Hopp til søk
← 5                    6                    7 →
Grunntalseks
Rekkjetalsjette
Faktorisering2 · 3
Divisorar1, 2, 3, 6
I ulike talsystem
RomartalVI
Binært1102
Oktalt68
Duodesimalt612
Heksadesimalt616

6 (seks) er eit samansett tal: 6 = 2·3. I heiltalsrekkja kjem det etter talet fem og før talet sju.

Talet seks kan indikerast med prefikset heksa- (frå gresk) eller seks- (frå latin).

Ordenstalet som svarar til talet seks, er sjette (6.).

6 er eit perfekt tal: 1·2·3 = 1+2+3 = 6

6 er det 2. faktoriserbare naturlege talet og det fyrste som har to distinkte faktorar.