Seløy

Koordinatar: 59°55′15″N 05°40′57″E / 59.92083°N 5.68250°E / 59.92083; 5.68250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seløyo)

59°55′15″N 05°40′57″E / 59.92083°N 5.68250°E / 59.92083; 5.68250

Seløy
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Tysnes kommune
Høgaste punkt Storhaugen, 108 moh.
Areal 1,3 km²
Folketal 0
Kart
Seløyo
59°55′16″N 5°40′56″E / 59.92106°N 5.68236°E / 59.92106; 5.68236
Seløy er tredje frå venstre av dei større øyane i framgrunnen på dette biletet

Seløy, Seløyo eller Seløya er ei øy i Tysnes kommune i Vestland fylke. Ho er ei av dei større øyane i kommunen og har eit areal på 1,3 kvadratkilometer. Øya er langvoren og kring 3,1 kilometer lang. Ho har namnet sitt frå det at det har funnest mykje sel i området.[1]

Etter svartedauden vart øya busett frå kring 1600. I 1865 budde det 25 menneske på øya. I 1980 var det ingen fastbuande att.[1] Frå 2014 er øya del av Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes naturreservat.[2]

Folketalsutvikling:

1801[3] 1900[4] 1950[5] 2000[5]
9 15 4 0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ernst Berge Drange (1991). Tysnes Gards- og ættesoge 4. Tysnes Sogelag. s. 789-90. 
  2. «Forskrift om vern av Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland». Lovdata. Henta 13. mai 2021. 
  3. Folketeljing 1801 for Tysnes prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet
  5. 5,0 5,1 Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 4 (Tysnes sogelag, 1991)