Selbjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selbjørn
Selbjørn med Selbjørnsfjorden til høgre.
Selbjørn med Selbjørnsfjorden til høgre.
Geografi
Norway - Selbjørn.png
Stad Austevoll
Koordinatar 59°59′N 5°10′EKoordinatar: 59°59′N 5°10′E
Areal 25 km²
Høgaste punkt Kongsfjellet (185 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke
Kommune
Hordaland
Austevoll
Største busetnad Bekkjarvik (355 innb.)
Demografi
Folketal 956 (2006)
Folketettleik 38,2 /km²

Selbjørn er den nest største øya i Austevoll kommune i Hordaland. På austsida ligg Bekkjarviksund, der Selbjørnsbrua går over til Huftarøy og på vestsida ligg Stolmesund der Stolmabrua går til Stolmen. Selbjørnsfjorden ligg på sørsida av øya med Fitjar og Fitjarøyane på andre sida.

Fram til 1964 høyrde søraustsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll

Den største tettstaden er Bekkjarvik, som er ein gamal handelsstad med gjestgiveri, og av andre grender finn ein Salthella, Rabben, Grasdal og Gauksheim.

Tidlegare namn på øya er Salbjorn i Norre-Edda og Fornmannasoger. I 1567 vart namnet skrive Søldbiønn og i 1723 Sælbiørn. Ein meiner at namnet kanskje er eit tabunamn, og at namnet tidlegare kan ha hatt eit anna dyrenamn. Fiskarar skulle til dømes ikkje nemna ordet «katt» når dei var ute på havet, og dei kunne i staden seie «klodyret» eller «Salens bjørn», sidan katten høyrde til salen eller stova. Om Selbjørn ein gong vart kalla noko med katt, så skulle ikkje namnet nemnast.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Austevoll Gard og Ætt I, side 11