Hopp til innhald

Selbjørnsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selbjørnsfjorden
fjord
Stolmasundet mellom Selbjørn og Stolmen med Selbjørnsfjorden utanfor. Fitjarøyane ligg på andre sida.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommunar Austevoll, Fitjar
Kart
Selbjørnsfjorden
59°56′57″N 5°07′50″E / 59.94916667°N 5.13055556°E / 59.94916667; 5.13055556
Wikimedia Commons: Selbjørnsfjorden

Selbjørnsfjorden er ein fjord, eller meir eit breitt sund, mellom Fitjarøya Stord og Fitjarøyane i sør og øyane Stolmen, Selbjørn, som han er kalla opp etter, og Huftarøy i Austevoll i nord. Fjorden strekkjer seg 19 km frå Nordsjøen og austover til Langenuen.

Lengst ute i fjordgapet ligg Håkelbåen midt i innseglinga. Dette er ei grunne der sjøen bryt 6-7 forskjellige stader i uvêr. Lenger inne ligg dei to Eggholmsskjera, det eine av desse eit stykke ut i fjorden. Ei jul i 1890-åra gjekk eit bergensskip på dette skjeret og gjekk ned med alle mann[1].

To ferjesamband kryssar Selbjørnsfjorden, begge frå Sandvikvåg på Fitjar. Det eine går til Husavik på Huftarøy og det andre til Halhjem i Os i Hordaland

  1. Jacob Aaland (1933). «Bygdeskipnad og Bygdesoga». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 8-10. [Kapittelet er skrive av overlærar B. Sørfonden]