Seleksjon i lingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Seleksjon i språkvitskap viser til ein eigenskap ved ein predikator til å bestemme den semantiske strukturen til andre ledd ordet kan kombinerast med. Verbet ete vil til dømes normalt bli kombinert med eit animat subjekt, det vil seie eit subjekt som refererer til eit levande vesen, og med eit konkret, eteleg objekt, som i setninga Han et graut. Seleksjon er såleis eit omgrep som viser til semantisk struktur, og det står i motsetnad til subkategorisering, som refererer til syntaktisk struktur. Seleksjon er nærskyldt med semantisk valens, og blir gjerne uttrykt i form av semantiske roller.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Chomsky, Noam. 1965. Aspects of the theory of syntax. Cambridge, Massachusetts: M.I.T. Press.