Hopp til innhald

Selen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arsen Selen Brom

Basisdata
Namnselen
SymbolSe
Atomnummer34
UtsjånadGrått, metallglinsande
Plass i periodesystemet
Gruppe16
Periode4
Blokkp
Kjemisk serieIkkje-metall
Atomeigenskapar
Atomvekt78,96 u
Kalkulert atomradius115 (103) pm
Elektronkonfigurasjon[Ar]
KrystallstrukturHeksagonal
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt221 °C, 494 K
Kokepunkt684,6 °C, 957,8 K
Molart volum16,42 cm³/mol
Tettleik4,81 kg/m³
Hardleik2,0 kg/m³
Fordampningsvarme95,48 kJ/mol
Smeltevarme6,694 kJ/mol
Damptrykk0,695 Pa
Lydfart3350 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
2,55
Elektrisk leiingsevne10−10 MS/m
Termisk konduktivitet0,519 W/(m·K)
Ioniseringspotensial941,0 kJ/mol
2045 kJ/mol
2973,7 kJ/mol
4144 kJ/mol

Selen er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Se og atomnummer 34. I periodesystemet er selen plassert i Gruppe 16.

Viktige sambindingar

[endre | endre wikiteksten]

Vanlege oksidasjonstal for selen i sambindingar er 6, 4, 2 og -2. Selen dannar mellom anna fluorid, klorid, bromid, oksid og sulfid.

Bruk av selen

[endre | endre wikiteksten]

Selen vert brukt i rustfritt stål.

Grunnstoffet kan brukast i glasproduksjon.

Biologisk rolle

[endre | endre wikiteksten]

Selen er eit essensielt sporstoff.[1] Selen finst i den 21. aminosyra, selenocystein, som det finst ein kode for i den utvida genetiske koden.[2][3] Protein som inneheld selenocystein vert kalla selenoprotein, og frå pattedyr er det kjent 25 slike; alle sterkt konserverte.[2] Dei fleiste gena for selenoprotein vert uttrykte i skjoldkjertelen, og mengda selen er her i stor grad uavhengig av mengda selen innteken gjennom maten.[1]

Det er eit smalt område mellom for lite og mykje selen i kroppen; i for store mengder er selen giftig.[2]

Kjemiske sambindingar med selen kan vera giftige.[4]

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Schomburg, Lutz (2012). «Selenium, selenoproteins and the thyroid gland: Interactions in health and disease». Nature Reviews Endocrinology 8 (3): 160–171. PMID 22009156. doi:10.1038/nrendo.2011.174.
  2. 1 2 3 Chambers, Ian G.; Ratan, Rajiv R. (2024). «Selenium abandons selenoproteins to inhibit ferroptosis rapidly». Nature Metabolism 6 (2): 200–202. PMID 38351123. doi:10.1038/s42255-024-00980-6.
  3. Ambrogelly, Alexandre; Palioura, Sotiria; Söll, Dieter (2007). «Natural expansion of the genetic code». Nature Chemical Biology 3 (1): 29–35. PMID 17173027. doi:10.1038/nchembio847.
  4. «selenforbindelser» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 6. juli 2024.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]