Selenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selenga
elv
none  Selenga sett frå «Sjamanklippa»
Selenga sett frå «Sjamanklippa»
Land Flag of Russia.svg Russland
Mongolia Mongolia
Kjelde Der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman.
Munning Bajkalsjøen
Lengd 1 024 km km
Nedslagsfelt 447 000 km² km²
Vassføring
 - middel 310 m³/s /s
Wikimedia Commons: Selenga

Selenga (russisk Селенга) eller Selenge (mongolsk Сэлэнгэ гол, Сэлэнгэ мөрөн) er ei elv i Mongolia og Russland.

Elva startar der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman i Mongolia og frå kjelda til Ideriin Gol til munningen i Bajkalsjøen er ho 1024 km lang. Selenga er den største elva som munnar ut i Bajkalsjøen og står for om lag halvparten av tilsiget. Selenga høyrer til nedslagsfeltet til Angara (som renn ut frå Bajkalsjøen) og Jenisej. Nedslagsfeltet til Selenga er på 447 000 km².

Selenga er stort sett ei saktegåande elv og renn gjennom både tronge dalar (opp til 1-2 km brei) og vide dalar (20-25 km brei). Vassføringa er vanlegvis låg om våren og størst om sommaren og hausten. Den middelvassføringa på grensa mellom Mongolia og Russland er 310 m³/s, 127 km frå munninge. Elva frys til frå november til april.

Dei største sideelvane er Egiin Gol og Orkhon i Mongolia og Dzjida, Tsjikoj, Khilok og Uda i Russland.

Elva er framkommeleg for skipsfart opp til byen Sükhbaatar i Mongolia. Andre byar er Ulan-Ude og den urbanliknande busetnaden Selenginsk i Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]