Seletun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miljøsenteret Seletun
Foto: Frode H. Korneliussen

Miljøsenteret Seletun er eit kurs- og konferansesenter på Fana i Bergen kommune. Det ligg på Engevik på ei halvøy i Hauglandsvatnet.

Bauta ved Seletun
Foto: Frode H. Korneliussen

Seletun er eigd av Noregs Miljøvernforbund og vert skildra som det mest miljøvennlege kurs- og konferansesenteret i Europa.[1] Byggmeister var Kurt Oddekalv. Staden består i stor grad av fleire eldre bygningar, der det eldste er frå 1800 talet.

Eigarane har lagt stor vekt på miljøvennlege løysingar på Seletun. Mellom anna er leverandørane nøye utvald med fokus på økologi- og miljøvennlegheit, samt miljøkrav. Seletun er eit visingsenter for ressurs og energivennlege løysingar med seks forskjellige energikjelder, mellom anna varmepumpe og solfangarar. Alt avfall vert kjeldesortert, vatn og avløp vert reinsa i eit eige reinsanlegg, inkludert gråvatn, som er vatn frå kjøken, servantar og dusjar.[2]

Seletun har overnattingsplassar til 30 personar, som skal utvidast til 50.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]