Selevkide-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Selevkidedynastiet (frå gresk Σελεύκεια, Seleύkeia) var ein gresk-makedonsk hellenistisk kongefamilie som herska over Selevkideriket som vart grunnlagt av Selevkos I Nikator då det veldige riket til Aleksander den store vart oppdelt etter han døydde i 323 f.Kr.[1]

Det siste hundreåret til selevkidedynastiet var prega av uro og dynastiske krigar som veikte og fragmenterte riket. Likevel heldt selevkidekongane fram å styre ein stadig mindre stat frå Syria fram til den armenske kongen Tigranes I av Armenia invaderte og til riket endeleg vart velta av den romerske hærføraren Pompeius i 64 f.Kr.

Satrapen av Babylonia, skjeringspunktet mellom aust og vest, var Selevkos I Nikator og ein formidabel administrator som snart bygde seg eit solid nettverk av lokale støttespelarar. Etter fleire krigar med den leiande diadoken Antigonos I Monofthalmos («den einaugde»), krona Selevkos seg sjølv til konge i Babylonia i år 306 f.Kr. I ein alder av 80 år vart Selevkos myrda av ein flyktande egyptisk prins, men trona gjekk vidare til Antiokos I Soter (281–261 f.Kr.), sonen hans med den persiske adelskvinna Apama, og deretter til sonen Antiokos II Theos (261–246 f.Kr.), som herska som store kongar frå Samarkand til Egearhavet.

Antiokos III den store var den siste som kravde den persiske tittelen storkonge. Han sigra over Egypt for deretter å kunne invadere det greske fastlandet, men mista folk og territorium i det katastrofale slaget om Magnesia i 190 f.Kr. Antiokos III drog austover for å skaffe seg ny inntekter, blant anna plyndra han tempelskattane, men det fekk han drepen i Luristan i det vestlege Persia (Iran) og skadde for alvor lojaliteten til dynastiet.

Antiokos IV Epifanes (175-164 f.Kr.), kjent i historia for konflikten sin med jødane (oppstanden til makkabearane), starta ein innleiingsvis vellukka militærkampanje i Persia, men døydde på vegen.

I 140 f.Kr. samla selevkidekongen Demetrios II Nikator alle ressursane han hadde for å stoppe framrykkinga til partiarane. Han var sigrande innleiingsvis og fleire vasallar reiv seg laus frå Mithridates II. Partharane var derimot kjend for den defensive styrken sin i deira eige land og klarte snart å ta selevkidarméen i bakhald og ta Demetrios til fange.

Den siste krigsrunden kom etter at den dugelege Antiokos VII Sidetes, bror av Demetrios II, til slutt klarte å vinne borgarkrigane i leivningane av det selevkidiske riket. Han samla ein enorm hær av leigesoldatar og angreip partiarane med stor iver. Etter tre sigrar hadde han frigjort Babylonia og det vestlege Iran og vart allereie samanlikna med Antiokos den store. Om vinteren blei likevel Antiokos VII omringa og drepen av partiarkongen Fraates II i eit slag utanfor Hamadan.

Dei siste gjenverande selevkidkongane kontrollerte berre dei stadig minkande områda til Syria. Det siste halve hundreåret deira var prega av endelause borgarkrigar inntil romarane gjorde Syria til ein romersk provins i 64 f.Kr.

Selevkideherskarane[endre | endre wikiteksten]

År Konge Merknader
312281 f.Kr. Selevkos I Nikator Krona seg sjølv til konge i 306 f.Kr., myrda av Ptolemaios Keraunos
281261 f.Kr. Antiokos I Soter Medherskar frå 291 f.Kr.
261246 f.Kr. Antiokos II Theos Forgifta av Laodike, den første kona si.
246225 f.Kr. Selevkos II Callinicus Døydde då han fall av hesten sin.
225223 f.Kr. Selevkos III Keraunos Myrda
223187 f.Kr. Antiokos III den store Forsvann i eit felttog.
187175 f.Kr. Selevkos IV Filopator Myrda av ein minister.
175164 f.Kr. Antiokos IV Epifanes
164162 f.Kr. Antiokos V Eupator
161150 f.Kr. Demetrius I Soter
154145 f.Kr. Aleksander I Balas
145138 f.Kr. Demetrius II Nikator Første styre
145140 f.Kr.? Antiokos VI Dionysus (eller Epifanes)
140?–138 f.Kr. Diodotus Tryfon
138129 f.Kr. Antiokos VII Sidetes (eller Evergetes)
129126 f.Kr. Demetrius II Nikator Andre styre
129123 f.Kr. Aleksander II Zabinas
126123 f.Kr. Kleopatra Thea
126/125 f.Kr. Selevkos V Filometor
12596 f.Kr. Antiokos VIII Grypus
11496 f.Kr. Antiokos IX Cyzicenus
9695 f.Kr. Selevkos VI Epifanes Nikator
9592 eller 83 f.Kr. Antiokos X Eusebes Filopator
9587 f.Kr. Demetrius III Eucaerus (eller Filopator)
9592 f.Kr. Antiokos XI Epifanes Filadelfus
9584/83 f.Kr. Filip I Filadelfus
8784 f.Kr. Antiokos XII Dionysos
8369 f.Kr. Tigranes I av Armenia
6964 f.Kr. Antiokos XIII Asiatikus
6563 f.Kr. Filip II Filoromaeus
50-tallet f.Kr. Selevkos VII Kybiosaktes eller Filometor

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Journal of Hellenic studies, (1993). Volumes 113-114. Society for the Promotion of Hellenic Studies, London, England. s. 211. Sitat: «The Seleucid kingdom had traditionally been regarded as basically a Greco-Macedonian state and its rulers thought of as successors to Alexander.»