Selfjorden i Bindal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°11′34.177″N 12°28′54.631″E Selfjorden utgjer den inste delen av Skotnesfjorden, ein fjordarm av Bindalsfjorden, i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til Sagbotn.

Fjorden har innløp mellom Trettneset i nord og Klubben i sør. På nordsida av fjorden ligg garden Selfjord. Sørsida av fjorden er ulendt og Jøtulfjellet stig opp til 767 meter over havet.