Selfjorden i Troms
Hopp til navigering
Hopp til søk
Koordinatar: Selfjorden er ein fjordarm av Andfjorden på Senja langs kommunegrensa mellom Tranøy og Torsken i Troms. Fjorden strekkjer seg 15 km austover til Selfjordbotn inst i Indre Selfjorden.
Fjorden har innløp mellom Årbergneset i nord og Dovneset i sør og er om lag 8 km brei mellom desse nesa. Like aust for Dovneset går Blyfjorden søraustover. Nord for Blyfjorden ligg Hallvardsøyan midt i Selfjorden. Aust for Fiskarneset går Bunkefjorden sørover til Rødsand. Tvers over Selfjorden for Rødsand ligg bygda Flakstadvåg på nordsida av fjorden. Litt aust for Flakstadvåg vert Selfjorden langt smalare og dette siste stykket av fjorden vert kalla Indre Selfjorden.