Selgovae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britiske folkeslag ifølgje Ptolemaios

Selgovae var ei folkegruppe som levde i noverande Stewartry of Kirkcudbright og Dumfriesshire, på sørkysten av Skottland, seint på 100-talet. Dei er kort nemnd av Ptolemaios i Geographica, elles er det ikkje nokon historisk dokumentasjon på dei. Den kulturelle og etniske tilknytinga deira går ein ut frå var brittonsk.

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Den einaste dokumentasjonen på selgovae og byane deira er omtala deira av Ptolemaios i ca. 150 e.Kr. Namnet deira blir attgjeve i Ravenna-kosmografien frå 800-talet som 'segloes',[1] men dokumentet her blir sett på som ein ufullkommen kopi av klassiske kjelder som Ptolemaios, og ikkje ei uavhengig historisk kjelde.

Novantae er den einaste folkegruppa Ptolemaios nemnde som kan plasserast nøyaktig, i Galloway, ettersom han oppgav fleire identifiserbare delar i landskapet i samband med dei. Sidan selgovae var nabofolket deira, kan ein også slå fast kvar dei heldt til.

Ptolemy skreiv at byane til selgovae var Carbantorigum, Uxellum, Corda og Trimontium. Det var ikkje nokre eigentlege byar i området på den tida, så han viste truleg til romerske militærleirar og lokale festningsverk som dun. I Ravenna-kosmografien er bynamna oppgjevne som som Carbantium, Uxela, Corda, og Trimuntium, og byane er del av ei liste som ikkje knyttar nokre byar til noko særskilt folkeslag.[2]

I skildringane sine av felttoga til Gnaeus Julius Agricola (guvernør frå 78 til 84) skriv Tacitus at etter at ein kombinasjon av makt og diplomati dempa misnøye blant britane som var blitt erobra, bygde Agricola festningar i territoria deira i 79. I 80 marsjerte han til Firth of Tay og dreiv kampanjar mot folka der. Han kom ikkje tilbake før i 81, då han konsoliderte erobringane sine.[3] 

Selgovae-territoriet blei tungt utbygd med romerske festningar på denne tida, ved Broomholm, Blatobulgium (Birrens), Ward Law, Milton, Drumlanrig, Dalswinton og ved Glenlochar, på austbreidda av elva Dee, som kanskje utgjorde grensa mellom Selgovae og Novantae.[4] Dette tyder på, sjølv om det ikkje bekrefter, at selgovae var nokre av dei britiske folkeslaga som gjorde størst motstand mot romersk okkupasjon. Som kontrast hadde nabofolket novantae ingen teikn på romersk okkupasjon bortsett frå ein liten festning ved Gatehouse of Fleet, søraust i territoriet deira.

Etter reorganiseringa av norddelen av Romersk Britannia og bygginga av Hadrianmure (ca. 122), var dei einaste romerske fesntingane i Selgovaelandet ved Birrens og Netherby.[5] Etter bygginga av den nordlegare antoninske muren og den fornya okkupasjonen av territorium nord for Hadrianmuren (ca. 142) blei det igjen bygd mange festningar i selgovaelandet, ved Netherby, Broomholm, Birrens, Burnswark, Raeburnfoot, Shieldhill, Milton, Drumlanrig, Dalswinton, Carzield, Lantonside og Glenlochar.[6] Det blei ikkje bygd nokre romerske festningar i novantaeterritoriet.

Då romarane for det meste trekte seg tilbake frå områda nord for Hadrianmuren under Marcus Aurelius (ca. 175), heldt dei på festningar ved Birrens og Netherby,[7] men skulle aldri meir okkupera Selgovae-territorium militært. Romarriket forlet selgovaelandet for godt i 370.[8]

Kulturell tilknyting[endre | endre wikiteksten]

Den etniske og kulturelle tilhøyra til selgovae blir antatt å ha vore brittisk, og det er gjort framlegg om at dei var ein del av stammen brigantarar eller brigantes.

Det finst lite arkeologisk prov, men det omfattar ein figur og inskripsjon frå romersk tid funne ved Birrens (romersk Blatobulgium) vigd til «Brigantia», liknande dedikasjonar funne i kjent brigantarterritorium i Cumbria og Yorkshire.[9] Tacitus skreiv at brigantarane var ein stor stamme,[10] og det er funne gjenstandar knytte til brigantarar i heile regionen like nord for Hadrianmuren, både i England og i dei skotske områda Dumfriesshire og Stewartry of Kirkcudbright.[9]

Brigantene var plagsame for romersk styre, stod sterkt imot den fyrste romerske okkupasjonen[11] og hadde fleire opprør der dei prøvde å driva bort romersk styre. Den romerske responsen var overveldande makt og påfølgjande oppretting av mange okkupasjonsfort. Dei mange festningane i Selgovae-territoriet liknar den romerske okkupasjonen av brigantarterritoria, og står i motsetnad til romersk behandling av andre nabofolk som novantae og votadini, som aldri var kjent for å vera i krig med romarane, og som ikkje var tungt okkupert .

Mykje seinare historie, som er betre dokumentert, viser at territoriet til selgovae fortsette å vera knytt til Cumbria (heimlandet til brigantes) og Alt Clud (heimlandet til damnonii), som ein begge veit var britonniske i kultur og språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pinder 1860:436–437, Ravenna Cosmography
  2. Pinder 1860:432–434, Ravenna Cosmography
  3. Tacitus 98:364–368, Life of Agricola, Chapters 19 – 23.
  4. Frere 1987:88–89, Britannia
  5. Frere 1987:112–113, Britannia
  6. Frere 1987:130 –131, Britannia
  7. Frere 1987:142–143, Britannia
  8. Frere 1987:347–348, Britannia
  9. 9,0 9,1 Haverfield, F. (1904), «On Julius Verus, a Roman Governor of Britain», Proceedings of the Society of Antiquaries of Scotland, XXXVIII, Edinburgh: Society of Antiquaries of Scotland, s. 456 
  10. Tacitus 98:362–363, Life of Agricola, Chapter 17
  11. Tacitus 98:362–363, Life of Agricola, Chapter 17
Bibliografi