Seljord prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°29′32″N 8°3′50″E / 59.49222°N 8.06389°E / 59.49222; 8.06389

Foto: Ina Backer / Riksantikvaren

Seljord prestegard ligg nokre hundre meter nordvest for Seljord kyrkje, og det ligg eit bustadfelt mellom kyrkja og prestegarden.

Prestegarden bar i si tid namnet Skornes etter eit lokalt fjell, og var mellom dei største gardane i bygda. På prestegardstunet står tre freda bygningar: hovudhuset (frå 1796–1804), drengestova (frå 1850-åra) og stabburet (frå 1800-talet). Det sistnemnde er skilt ut og seld saman med gardsdrifta.

Hovudbygningen er eit lafta tømmerbygg i to etasjar med ståande panel og valmtak. Han har sitt noverande preg etter ei ombygging i 1906. Karakteristisk nok har eit rom i hovudhuset fått namnet Landstadrommet. Salmediktaren Magnus Brostrup Landstad budde her i delar av oppveksta og var seinere prest i Seljord etter faren. Han er òg minna med eit minnesmerke ved kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Seljord prestegard