Seljordormen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Seljordsormen)
Seljord kommunevåpen frå 1989 viser ein sjøorm.
Seljordsvatnet i Telemark.

Seljordormen er eit folklorisk vesen i Seljordsvatnet i Seljord kommune i Telemark.[1][2]

Soger om ormen i Seljordsvaten går hundreår tilbake. Den eldste nedskrivne omtalen av skapningen er frå 1750, då ormen skal ha kvelva eit flyttelass som Gunleik Andersson Verpe frå Bø rodde over sjøen frå Ulvenes til Nes. I 1786 skildra Hans Jacob Wille dyret i boka Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge: «Den gaaer under Vandet, som en Aal, og for endeel Aar siden hug den en Mand i sin store Taae, medens han barbenet vadede over Laxhøl Elven.» Seinare har det vore fleire rapportert observasjonar, som regel i den varmaste tida om sommaren.[3]

Seljordsormen, som i nyare tid har fått kjælenamnet «Selma», blir i dag brukt aktivt i marknadesføringa av kommunen for turistar og vitjande. Sidan 1989 har ormen også pryda kommunevåpenet til Seljord. Våpenet er utforma av Trygve Magnus Barstad.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Andresen, G. og Fransson, L., Er Seljord-ormen funnet?, Dagbladet.no, 7/8-1998.
  2. Mæland, K., Tror sjøormen graver seg ned[daud lenkje], Nettavisen.no, 6/8-2004.
  3. Peter Fjågesund (19.12.2005). «Seljord og sjøormen». Seljord kommune. Arkivert frå originalen 19. mars 2007. 
  4. «Om Seljord». Seljord kommune. Henta 16. januar 2017. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.