Sellanrå turisthytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sellanrå turisthytte

Sellanrå turisthytte er ei hytte i Nordmarka i Oslo kommune. Hytta blir drive av Friluftsklubben og er den einaste turisthytta i Nordmarka som har forsyningar og proviant i tillegg til overnatting.

Hytta var bygd til arbeiderforeininga ved Tiedemanns Tobaksfabrik. Namnet Sellanrå er henta frå Knut Hamsun sin roman Markens Grøde. Hytta er no eigd av Ferd, men Friluftsklubben leiger hytta for kr. 0,- per år mot å halde ho ved like.

Sellanrå ligg på Raudløkkollen i «Maridalsalpane» nord for Maridalsvatnet i Nordmarka. Greiast kjem ein til Sellanrå frå Skar i Maridalen, via umerka sti mellom Øyungskollen og Furumokollen til Sellanrå. Alternativt kjem ein til hytta frå Movatn via garden Tømte. Sellanrå ligg 460 meter over havet, på toppen av ein ås og har utsyn mot vest og nord. Ein ser Jonsknuten, Gaustatoppen og Norefjell på ein klår dag.

Kven som helst kan overnatte på hytta, men ein må tinge henne og folk som ikkje er medlemmer av Friluftsklubben må betale eit depositum for å få nøkkel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sellanrå turisthytte Arkivert 2007-06-25 ved Wayback Machine.