Sellevåg Treskofabrikk

Koordinatar: 60°55′24.330″N 5°3′3.4704″E / 60.92342500°N 5.050964000°E / 60.92342500; 5.050964000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°55′24.330″N 5°3′3.4704″E / 60.92342500°N 5.050964000°E / 60.92342500; 5.050964000

Foto: Ulf Ingmar Gustafsson / Riksantikvaren

Sellevåg Treskofabrikk er ein tidlegare treskofabrikk som ligg i Sellevåg i Gulen kommune i Vestland. Fabrikken vart starta opp i 1899 og produserte tresko fram til 1975. Fabrikken vart freda av Riksantikvaren i 2012.[1]

Historie og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det var Endre Torkjelsson som kjøpte Sellevåg i 1870 og starta med å nytta Sellevågelva til mølledrift. Han dreiv mølla fram til 1899, då Jon Arnoldsson Kahrs kjøpte rettane i området og starta treskoproduksjon der. Kahrs oppretta Bergens Træskofabrik Ltd. Treet, fin, kvistfri furu, fekk dei frå Indre Sogn og Hardanger. Dei brukte to ulike skomodellar: strilemodellen og sognemodellen. Til slutt vart det strilemodellen som vart einerådande. Skoa vart skorne ut og pussa maskinelt, og til slutt lakka for hand.

Dei ferdige treskoa blei frakta til Bergen, då det var stor etterspurnad etter tresko rundt hundreårsskiftet. På det meste produserte dei over 60.000 par tresko i året. Også under andre verdskrigen var det stor etterspurnad etter tresko.

Nedgang i etterspurnaden[endre | endre wikiteksten]

Son til Endre Torkjelsson, Torkjel Olai busette seg på Sæternes og vart formann på fabrikken. Son hans att, Joakim, arbeidde på fabrikken og tok over drifta og eigedomen i 1952. Då tresko etter kvart vart mindre etterspurt, la ein større vekt på sagbruksdrift. Ei stund vart det laga ulike typar skaft som økseskaft, hamarskaft, sleggeskaft etc. Slike vart levert til både Vegvesenet og Televerket. Ein periode laga dei både tresko og skaft, men dette tok slutt i 1960-åra, bortsett frå eit lite oppsving då det vart etterspurt tresko nytta til rosemåling. I 1975 tok treskoproduksjonen heilt slutt, men damanlegget, røyrgata og treskofabrikken står framleis som det var, med alt produksjonsutstyret intakt. Sagbruket er framleis i drift, og Magne Sellevåg, eldste son til Joakim, står i dag for drifta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Freding av Sellevåg treskofabrikk». Riksantikvaren. Henta 26. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]