Selma Lagerlöf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selma Lagerlöf

Selma Lagerlöf måla av Carl Larsson i 1908
Nasjonalitet Svensk
Statsborgarskap Sverige
Fødd 20. november 1858
Mårbacka i Sunne kommune i Värmland i Sverige
Død

16. mars 1940 (81 år)
Mårbacka

Yrke Forfattar
Språk svensk
Politisk parti Frisinnade landsföreningen
Medlem av Svenska Akademien, Samfundet De Nio, Svenska hem
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Erik Gustaf Lagerlöf
Mor Elisabet Lovisa Wallroth
Signatur
Selma Lagerlöf på Commons

Selma Lagerlöf (20. november 185816. mars 1940), døypt Selma Ottilliana Lovisa Lagerlöf,[1] var ein svensk forfattar. Debutromanen hennar Gösta Berlings saga kom i 1891. Ho var ein av dei tidlege deltakarane i den svenske nyromantikken, og var med på å grunnleggja Samfundet De Nio i 1913.

Lagerlöf fekk som fyrste kvinne Nobelprisen i litteratur i 1909. Ho var òg den fyrste kvinna som vart innvald i Svenska Akademien.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst i Värmland[endre | endre wikiteksten]

Selma Lagerlöf vart fødd på herregarden Mårbacka i Sunne kommune i Värmland, og flytte seinare tilbake hit.[1] Dei fleste historiene hennar føregår i Värmland. Mange av dei bygde på soger ho hadde høyrd frå den litteraturinteresserte faren.[2]

Ho var dotter til løytnanten Erik Gustaf Lagerlöf og Elisabeth Lovisa Lagerlöf, fødd Wallroth.[2] Selma Lagerlöf var fødd med ei hofteskade. Tre år gamal blei ho sjuk og lamma i begge bein. Lamminga gav seg. Saman med syskena gjekk Lagerlöf dei fyrste skuleåra i heimen. Læraren deira kom til gards og underviste. Selma Lagerlöf lærte både engelsk og fransk. Tolv år gamal skreiv Lagerlöf eit langt dikt om heimstaden Mårbacka og i unge år heldt ho fram med å skrive vers. Fjorten år gamal fekk Selma Lagerlöf fysioterapibehandling i Stockholm.

Utdanning og år som lærar[endre | endre wikiteksten]

Etter skuleåra blei Lagerlöf på Mårbacka nokre år før ho hausten 1882 begynte på lærarutdaninga på Högre lärarinneseminariet i Stockholm. Ho måtte sjølv ta opp lån for å finansiere studiane. I studietida gjekk faren konkurs og garden Mårbacka måtte seljast. Erik Gustaf Lagerlöf døydde i 1885.

Ho underviste på ein jenteskule i Landskrona frå 1885 til 1895.[1] I desse åra budde ho i heimen til tanta si, Kajsa Lovisa Lagerlöf.

Forfattaren Selma Lagerlöf[endre | endre wikiteksten]

I 1890 skreiv Lagerlöf opningskapitla til Gösta Berlings Saga og sende dei inn til bladet Idun som hadde skipa til ei skrivetevling.[2] Ho vann tevlinga[1] og fekk då tilbod om å gjeva ut heile boka. Lagerlöf skreiv romanen ferdig etter å fått eit stipend av Sophie Adlersparre, som tidlegare hadde grunnlagd det feministiske Fredrika-Bremer-Förbundet. Boka som har vorte ein svensk klassikar, fekk blanda kritikk i den svenske pressa. Lagerlöf braut med realismen som i samtida var den dominerande retninga i svensk litteratur. Ho fekk likevel god omtale av Georg Brandes etter at boka var omsett til dansk.

Selma Lagerlöf var viktig innanfor den svenske nyromantiske rørsla. I 1895 sa ho opp stillinga som lærar i Landskrona. Etter det levde ho heilt på forfattarskapet sitt. I 1894 hadde ho for fyrste gong treft Sophie Elkan, ein forfattar frå Göteborg. Dei drog på fleire langreiser saman, i Europa, mellom anna til Italia, og til Midt-Austen. I 1897 flytta Lagerlöf med tanta si til Falun i Dalarna. Etter ei reise til Egypt og Palestina saman med Elkan i 1899-1900, då ho møtte ei gruppe religiøse dalabønder som hadde utvandra til Jerusalem, skreiv ho boka Jerusalem,[1] som gav henne eit internasjonalt gjennombrot.[2]

I Falun møtte Selma Lagerlöf Valborg Olander. Olander var lærar og arbeidde for røysterett for kvinner. Lagerlöf engasjerte seg politisk, mellom anna i kampen for røysterett for kvinner. Då nazistane kom til makta i Tyskland, hjelpte ho fleire tyske intellektuelle og kunstnarar å flykta. Under Vinterkrigen gav ho vekk nobelmedaljen sin i gull, for å støtta Finland si sak økonomisk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Lagerlöf sine bøker handla gjerne om bondeliv i Värmland og Dalarna. Unntaka er handlinga i Antikrists mirakler som finn stad på Sicilia og Jerusalem som. Forteljingane hennar var heller romantiske enn realistiske. Ho vov mellom anna inn gamle forteljingar og historie i det ho skreiv.

Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige er ei av dei mest kjende bøkene til Selma Lagerlöf. Boka var opphavleg påtenkt som ei lærebok i geografi for folkeskulen. I memoara Mårbacka (1922), Ett barns memoarer (1930) og Dagbok (1932) skildrar ho livet og slektshistoria si.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Lagerlöf fekk Nobelprisen i litteratur i 1909. Lagerlöf var den fyrste kvinna som vart tildelt litteraturprisen. Ho nytta ein god del av prispengane til å kjøpe attende farsgarden, og frå 1909 budde ho igjen på Mårbacka. I 1914 vart Lagerlöf vald inn Svenska Akademien.

Selma Lagerlöf deltok i kampen for kvinners røysterett, mellom anna som talar ved den internasjonale røysterettskongressen i Stockholm i 1911. Politisk var ho organisert liberal. I 1930-åra tok Selma Lagerlöf stilling mot jødeforfølginga i Tyskland.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Selma Lagerlöf var sjuk og låg medvitslaus ei veke før ho døydde, 81 år gamal den 16. mars 1940. Dødsårsaka var hjernebløding saman med lungebetennelse. Systera, Gerda Ahlgren, mottok eit kondoleansetelegram frå kong Gustaf V der han kalla Selma Lagerlöf ein av dei største svenske kvinnelege forfattarene. Selma Lagerlöf blei gravlagd påskeaftan 1940 i Östra Ämtervik. Referat frå gravferda blei overført i svensk radio. Reporteren heitte Sven Jerring.

Etterfygjaren på stolen hennar i Svenska akademien, diktaren Hjalmar Gullberg, kalla i introduksjonstalen sin Lagerlöf for «dronninga i vår litteratur, den mest namngjetne av svenske kvinner i verda sidan den Heilage Birgitta.»

Portrettet hennar har vore på den svenske tjuekronesetelen sidan 1992.

Film[endre | endre wikiteksten]

Fleire av verka til Lagerlöf er blitt filmatiserte, fleire av dei tidleg i svensk filmhistorie. Victor Sjöström regisserte Ingmarssönerna i 1919 etter Jerusalem og Körkarlen i 1921. Mauritz Stiller laga dei omtykte Herr Arnes pengar (1919) og Gösta Berlings saga (1924). I seinare tid regisserte Bille August Jerusalem i 1996.[1]

TV-filmen Selma frå 2009 skildrar livet til forfattaren som ung, kort tid etter gjennombrotet med Gösta Berlings Saga, og like før ho som noko eldre skal ta imot Nobelprisen i litteratur. Helena Bergström spela Selma Lagerlöf i filmen. Erik Leijonborg var regissør og Åsa Lantz skreiv manus.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Gösta Berlings saga (1891)
  • Osynliga länkar (1894)
  • Antikrists mirakler (1897)
  • En herrgårdssägen (1899)
  • Jerusalem (del 1–2, 1901-1902|02)
  • Herr Arnes penningar (1904)
  • Kristuslegender (1904)
  • Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige (del 1–2, 1906-1907|07)
  • Liljecronas hem (1911)
  • Körkarlen (1912)
  • Kejsarn av Portugallien (1914)
  • Troll och människor (del 1–2, 1915-1921|21)
  • Bannlyst (1918)
  • Mårbacka (1922)
  • Löwensköldska ringen (1925)
  • Charlotte Löwensköld (1925)
  • Anna Svärd (1928)
  • Ett barns memoarer (1930)
  • Dagbok för Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf (1932)
  • Höst (1933)
  • Från skilda tider (del 1–2, 1943–45, posthumt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Taube, Agneta (21. august 2013), «Selma Lagerlöf», Store norske leksikon, henta 17. november 2013 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Herman Hofberg, Frithiof Heurlin, Viktor Millqvist, Olof Rubenson, red. (1906), «Lagerlöf, Selma Ottiliana Lovisa», Svenskt biografiskt handlexikon, henta 17. november 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Selma Lagerlöf ved Wikisource (sv).