Selmer Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selmer Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1931
Bakfjorden
Død

18. juni 1991 (60 år)
Bakfjorden

Yrke Kystfiskar og spion for Sovjetunionen
Straff ubetinget fengsel

Sverre Ingebregt Selmer Nilsen (25. mai 193118. juni 1991) var ein norsk fiskar frå Bakfjorden i Måsøy i Finnmark. Han verka som spion for GRU og KGB under Den kalde krigen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart Selmer Nilsen mot sin eigen og viljen til familien tvinga til å samarbeida med russarane. Ein skal i denne samanhengen heller ikkje gløyma korleis oppfatninga om russarane som frigjerarar frå 1944 sat djupt i folk i Finnmark. Hundreår med pomorhandel mellom folka på Nordkalotten hadde skapt ein fellesskap som vart avbroten av revolusjonen i november 1917. Til og med emigrasjon til det før-revolusjonære Russland frå Aust-Finnmark fann stad slik folk lengre sør ellers reiste og hadde reist til Amerika. Morten Jentoft si bok 'De som dro østover' frå 2001 fortel historia om korleis dei klarte seg i det nye landet.

Spionasje[endre | endre wikiteksten]

Selmer Nilsen vart rekruttert av KGB i 1948, etter at familien hans hadde hatt kontakt med sovjetiske agentar sidan den andre verdskrigen. Mellom anna hadde to av brørne hans vore i Sovjetunionen under krigen, med det føremålet å sidan kunna brukast som spionar mot dei tyske troppane i Finnmark. Han vart utdanna i radiotelegrafi og etterretning, særleg HUMINT i Murmansk frå hausten 1948 til april 1949. Offisielt hadde han vore i Bergen på skule i skipselektro i denne tida. Han byrja straks med regulære sendingar frå ein radiosendar han hadde fått med seg, og danna ein spionring saman med broren og svogeren. Det var ikkje mykje nytte av denne spionringen den fyrste tida, og i 1950 vart dette sambandet og radiosendaren i Bakfjord lokalisert ved radiopeiling. KGB sende strakst melding tilbake til Selmer om dette, og han fekk ordre om å stoppa sendingane. Politiet kom på besøk, men berre Selmer var heime, og politiet trudde ikkje han kunne vere syndaren.

I 1952 reiste faren, broren Edmund og Selmer til Vajda-Guba og gav beskjed til KGB om at det var slutt på avtalen om spionering mot NATO og Tyskland frå Noreg, og dette vart godteke av KGB med eit pålegg om å teie med det dei visste om spioneriet til KGB i Noreg. KGB hevda dei hadde gode kontaktar i heile Noreg, og at brot på avtalen vil føre til alvorlege konsekvensar for heile familien.

Selmer var på rekruttskule på Sætermoen i 1952, men greidde å sleppe unna resten av verneplikta. Hausten 1953 reiste han over til Murmansk og rapporterte at han ville taka opp att arbeidet med spioneriet, men åleine utan at familien skulle vita noko. Dei neste 12 åra brukte Selmer radiosendaren kvar veke til faste tider med kryptograferte meldingar frå Nord-Noreg til Murmansk, og ein gong kvar haust reiste han til Vajda-Guba for å levera resultat frå spioneringa og motta pengar og utstyr til å fortsette arbeidet. Han brukte ei 19 fots snekke utan store metallflater slik at han ikkje skulle oppdagast på kystradar, og han vart heller ikkje oppdaga av norsk kystvakt på denne tida. I 1959 undersøkte han om det fantes atombomber inne i eit tilfluktsrom i Tromsø som ein anna agent hadde rapportert, og kunne fastslå at det berre var påfunn. Same hausten fekk han ein meir moderne radiosendar med snøggsending av morse, og no gjekk det berre eit par minutt å senda rapportar over til Murmansk. Sendingane var krypterte med kodepapir i små strimlar med tusenvis av tal, og saman med ei enkel kode som han måtte hugsa, skulle det ikkje vera lett å dekryptera meldingane. Dette kodepapiret var i regelen rulla saman slik at det likna ein blyant. KGB sa òg at overvakingspolitiet i Nord-Noreg ikkje tok arbeidet sitt særleg alvorleg, så han kunne føla seg ganske trygg[1].

Selmer Nilsen spionerte i tidsrommet 1956-63 i traktene rundt Bodø, og observerte mellom anna landingane til det amerikanske spionflyet U-2 som landa fleire gonger i Bodø i dette tidsrommet for å fylla drivstoff. Nilsen heldt flyplassen under oppsikt 1. mai 1960 frå Rønnvikhaugen då det like etterpå vart kjent at eit av flya hadde vorte skote ned over Sovjetunionen og piloten Francis Gary Powers vart teken til fange etter å ha skote seg ut.

Fengsling og dom[endre | endre wikiteksten]

I 1967, etter nesten 20 år i sovjetisk teneste, vart Selmer Nilsen avslørt etter at Dagbladet og andre media byrja å interessera seg for saka. Det var fremst funnet av rullen med kodepapir som vart vanskeleg å forklara. Selmer vart arrestert i Havøysund i Finnmark den 7. april 1967. Han vart teken til forhøyr, og der tilstod han alt, men vart ikkje trudd av politimeisteren og sorenskrivaren.[2] Etter dette trekte Selmer forklaringa si attende. Seinare vart han teken med til stader i Nord-Noreg der han sa at han hadde vore, mellom anna der lyttekabelen for ubåtar på Nordkyn låg. Etter kvart byrja politiet òg å tru på det Selmer hadde fortald. Seinare same år fall dommen. For dette vart Nilsen den 19. desember 1967 dømd til sju og eit halvt års fengsel og inndraging av 75.000 kroner.[3]

Medtiltalte

Dømde

  • Edmund Nilsen, fengsla i 9 månader[4]
  • Haldor Lindvall, fengesel i 1 år og 6 månader[5]
  • Petter Olsen, fengsla i 6 månader[6]
  • Mikkel Isaksen Bongo fengsla i 3 månader[7]

Dokumentarfilm[endre | endre wikiteksten]

NRK-programmet Spekter sende hausten 2007 ein dokumentarfilm som opphavleg vart laga i 1971, men aldri vist, der ein i eit langt intervju med Selmer Nilsen fekk bakgrunnshistoria for kvifor han valde å gå i sovjetisk teneste. Som det gjekk fram av programmet vart det rekna som for farleg å senda det på eit tidspunkt der den kalde krigen var på sitt kaldaste. Forfattaren Kjell Fjørtoft har òg omtalt Nilsen i sina bøker.

Selmer Nilsen døydde i 1991 etter lang tids sjukdom.

Selmer Nilsen i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den norske filmen Brent av frost (1997) var lauseleg basert på Nilsen sitt liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Einar Vatne, Jeg var russisk spion. ISBN 82-03-10632-3 - side 67
  2. Paul Einar Vatne, Jeg var russisk spion. ISBN 82-03-10632-3 - side 106
  3. Odd Bergfald: KGB «OPERASJON NORGE». HJEMMENES FORLAG, Oslo, 1975, side 189. ISBN 82-7006-151-4
  4. Odd Bergfald: KGB «OPERASJON NORGE». HJEMMENES FORLAG, Oslo, 1975, side 209 og 210. ISBN 82-7006-151-4
  5. Odd Bergfald: KGB «OPERASJON NORGE». HJEMMENES FORLAG, Oslo, 1975, side 209 og 210. ISBN 82-7006-151-4
  6. Odd Bergfald: KGB «OPERASJON NORGE». HJEMMENES FORLAG, Oslo, 1975, side 209 og 210. ISBN 82-7006-151-4
  7. Odd Bergfald: KGB «OPERASJON NORGE». HJEMMENES FORLAG, Oslo, 1975, side 209 og 210. ISBN 82-7006-151-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]