Selsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selsøy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Kart
Selsøy
59°54′07″N 5°06′40″E / 59.901919°N 5.111197°E / 59.901919; 5.111197

Selsøy er ei øy i Fitjarøyane, tidlegare i Fitjar kommune, i dag i Bømlo kommune. Ho grensar til Gisøyo med Brandasund i vest, Vikøyo i sør, Klamsøyo og Hanøyo i nordvest og Selbjørnsfjorden i nord.

Fv18 kryssar øya med bru til Vikøyo i sør og Brandasund i vest.

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg tre gardar på øya, Eidet, Torgjo og Kvarven.

Eidet og Kvarven vart rydda på 1660-talet, først som husmannsplassar under Brandasund. Torgjo eller Torget er gammal og var i hevd i 1328, men har seinare truleg lege øyde til slutten av 1500-talet, og han vart først nemnd at i 1638.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter ein steinalderbustad på Torgjo med fem steinøkser og ei flintpil.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2]
15 62

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Selsøy er sagt at det kan kome av sel (kobbe), eller av mannsnamnet Selir. Selen har derimot vorte kalla kobbe på desse kantar, så det er tvilsamt at dyret er opphavet til øynamnet. I ei jordebok frå 1680 står det nemnd at øya låg under garden Sele i Bømlo i gamal tid og er opprydda under denne garden. Det er derfor rimeleg å tru at øya har fått namn etter denne garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet