Selsøyvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Selsøyvik
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rødøy
Postnummer 8196 SELSØYVIK
Preposisjon Selsøyvik

Selsøyvik er ei øy og ein gamal handelsstad på Selsøya i Rødøy kommune i Nordland. Her bur det om lag 20 - 30 menneske.

Selsøyvik er kjend for den gamle handelsstaden sin, Selsøyvik handelsstad, som er restaurert og verna av Riksantikvaren. Dei eldste bygningane på handelsstaden stammar frå 1700-talet. Selsøyvik er eit lite lokalsamfunn i seg sjølv, med eigen barnehage, skule og butikk. Den viktigaste næringa på staden i dag er lakseoppdrett. Selsøyvik Havbruk er det største privateigde selskapet i Rødøy kommune.

Sidan 1994 har Selsøyvik hatt vegsamband med Rangsundøya i aust via Fylkesveg 443. Snøggbåtruta Nordlandsekspressen har anløp av Selsøyvik to gonger dagleg, og Torghatten Nord har både ferjesamband og lokalsnøggbåt som går innom Selsøyvik.

Den 18. juni 2008 fekk Selsøyvik vitjing av kongeparet, som ein del av rundturen deira i Helgeland og Salten. Om lag 1000 av dei 1300 innbyggjarane i kommunen hadde møtt opp, og vart underhaldne av skuleelevar, musikkskulen og ei rekkje andre kulturelle innslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]