Selsøyvik handelsstad
Hopp til navigering
Hopp til søk

Handelsstaden fotografert i 1939.
Foto: Halvor Vreim / Riksantikvaren
Selsøyvik handelsstad er ein handelsstad på øya Selsøyvik i Rødøy kommune i Nordland.
Det er ein av dei få handelsstadene langs kysten som framleis er i drift, med landhandel, båtekspedisjon og oppdrett av laks. Frå 1777 har det vore samanhengande drift på handelsstaden, men allereie på 1600-talet vart Selsøyvik nytta av utliggjarar frå Trondheim. Dei eldste bygningane er over 200 år gamle og den yngste frå 1980-talet.
Handelsstaden vart freda av Riksantikvaren i 1942.
I 2000 blei Selsøyvik handelsstad valt til tusenårsstad i Rødøy kommune.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
- Selsøyvik handelsstad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Selsøyvik handelsstad frå Arkitektur i Nord
- Denne artikkelen bygger på «Selsøyvik gamle handelssted» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2014, revisjon