Selsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Det sørlege Goddo med Selsfjorden øvst på biletet.

Selsfjorden eller Selefjorden er ein liten fjord på Bømlo. Han ligg aust for Urangsvågen og søraust for Goddo, langs vestsida av Rolvsnes.

Fjorden har innløp ved Langøya vest for Erevik på Goddo og strekkjer seg 4 km sørover. I den inste delen av fjorden ligg det to små pollar kalla ytre og indre Pøyla. Sunda inn til desse pollane er berre 5-10 meter breie.

Nord for Selsfjorden ligg Goddosen.