Selskabet til Folkeoplysningens Fremme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Selskabet til Folkeoplysningens Fremme var ein samskipnad med føremålet om å verka for folkeopplysning, «med særlig Hensyn til Folkeaandens Vækkelse, Udvikling og Forædling». Samskipnaden vart grunnlagt i 1851 og hadde si store tid i 1860-åra. Skulemannen Ole Vig var sentral då Selskabet til Folkeoplysningens Fremme vart skipa. Det gav ut tidsskriftet Folkevennen og tilleggshefte med historisk, økonomisk, statistisk og geografisk innhald. I 1899 vart Selskabet oppløyst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok IX. 1960.