Selskapet for Grimstad Bys Vel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Selskapet for Grimstad Bys Vel, også kalla Grimstad byselskap, er ein ideell organisasjon som har som formål å gjera Grimstad til ein triveleg og grøn by.[1]

Vedtektene for selskapet slår fast at det skal verka for å gjera byen vakrare ved å sørga for og vedlikehald parkar, plantar, bygningar og utsmykking i byen.[2]

Selskapet blei stifta i 1922 av innbyggjarar i byen, med Karl Olaus Knutson eller «kemner Knutson» som ein viktig pådrivar. Det har mellom anna støtta Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum.[1]

Byselskapet eig også mykje av skjergarden ved Grimstad, og har lagt øyene og holmane ut til friområde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Byselskapet», www.grimstadbysvel.org, henta 17. juni 2020 
  2. «Lover», www.grimstadbysvel.org, arkivert frå originalen 2020-06-18, henta 17. juni 2020 
  3. «Om Byselskapet», www.grimstadbysvel.org, arkivert frå originalen 2020-06-17, henta 17. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]