Selskapet til Vitenskapenes Fremme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Selskapet til Vitenskapenes Fremme, skipa 12. desember 1927, er eit tverrfagleg akademisk forum i Bergen med føremål å fremme vitskapeleg liv og interesse, og å spreie opplysning om vitskapen og kva vitskapen har å seie for for samfunnet. Dette vert i hovudsak gjort ved å halde møte med føredrag og ekskursjonar. Føredraga er opne for alle, men på ekskursjonane har medlemar førerett.

Føredragshaldarar vert henta frå heile Noreg for å gjere greie for ny kunnskap innan naturvitskap, språk, litteratur, filosofi, historie og samfunnsfag. Dei årlege ekskursjonane går til ymse lutar av Vestlandet, og legg vekta på arkeologi, botanikk, zoologi og kunsthistorie i den aktuelle regionen, og den forskingsbaserte verksemda som går føre seg her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]