Hopp til innhald

Seltin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seltin er eit registrert varemerke for Cederroth for eit mineralsaltprodukt som inneheld 50 % mindre natriumklorid enn vanleg havsalt. I tillegg til natriumklorid inneheld det kaliumklorid og magnesiumsulfat. Produktet blir marknadsført som eit alternativ for dei som ønsker å avgrensa inntaket sitt av natriumklorid. Produktet har vore på marknaden sidan 1980 og selt i dagligvareforretningar.

Seltin blir produsert i Sverige.

På grunn av det låge innholdet av natriumklorid, kan Seltin ikkje brukast til graving eller konservering. På grunn av det høge innhaldet av kaliumklorid må personar som har nyresvikt, eller som bruker visse hjerte- eller blodtrykksmedisinar, ikkje bruka Seltin.[1]

Næringsinnhald per 100 g
Natriumklorid 50 g
Kaliumklorid 40 g
Magnesiumsulfat 10 g
Jod 0,0005 g
  1. Fevang, P. (28. mai 2009). «Seltin – langt fra det sunne saltet». Tidsskrift for Den norske legeforening.