Sem Sæland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sem Sæland

Fødd17. april 1874
Time
Død25. april 1940
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, fysikar, politikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Sem Sæland (17. april 187425. april 1940) var ein norsk fysikar, høgskule- og universitetsrektor og stortingsrepresentant.

Sæland vart fødd på garden Sæland i Time kommuneJæren i Rogaland fylke.

Sæland deltok i Kristian Birkeland si nordlysforsking kring 1900. Han var professor i fysikk og rektor ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) frå 1910 til 1914. Sæland var den fyrste rektoren på NTH. Han var professor ved Universitetet i Oslo frå 1922 og rektor der frå 1927 til 1936.

Sæland var uavhengig representant for Baklandet krins (Trondheim) på Stortinget frå 1916 til 1918.

Sem Sæland var medlem av Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab og Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1911 (styremedlem 1929–32). Sæland representerte mange styre og råd, og var mellom anna formann i programrådet for Norsk Rikskringkasting, formann i Rådet for anvendt Videnskap 1922–24, formann i Polyteknisk Forening 1933–36, generalsekretær i A/S Norsk Varekrigsforsikrings fond frå 1927 og nestformann i rådet for Chr. Michelsens Institutt frå 1931.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Jordmagnetiske maalinger i Nordland 1905 og 1906, Archiv for Mathematik og Naturvidenskab 28 nr 5, 1907
  • Ueber die photographische Wirkung von Metallen und Wasserstoffsuperoxyd (sogenannte Metallstrahlung), i Annalen der Physik, rk. 4, bd. 26, 1908, s. 899–917
  • Ueber die lichtelektrische u. aktinoelektrische Wirkung bei den Erdalkaliphosphoren, ibid., rk. 4, bd. 28, 1909, s. 476–502
  • Noreg tekniske undervisningsvæsen 1814–1914 (saman med Andor Hoel og P.A.R. Sollied), 1914
  • Industrielle forskningsinstituter. Foredrag i Centralkomiteen for videnskabelig samarbeide, Trondheim 1919
  • Varmetekniske målinger, i A. Bugge: Forsøkshuser, Trondheim 1922, s. 23–60 (tysk utg. Berlin 1924)
  • Universitetet, grunnvidenskapene og det praktiske livet. Tale ved rektorinaugurasjonen 16. januar 1928, 1928
  • Forelesninger i fysikk, bd. 3: Lyslære, 1928
  • A/S Norsk varekrigsforsikrings fond. Beretning for årane 1922–1930, 1931

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]