Semafor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein amerikansk marinegast signaliserer bokstaven «U» med handflagg under etterforsyning av drivstoff til sjøs.
Tysk soldat kommuniserer med semaforflagg med tyske marinefartøy ved kysten av Frankrike, oktober 1940, fra Deutsches Bundesarchiv

Semafor (av gresk sema, 'teikn', og ferein, 'å bera') er eit system for kommunikasjon over lengre avstandar med fri sikt ved hjelp signalflagg som ein held i hendene eller har på ein stolpe med tilsvarande rørlege armar.[1] Stillinga til dei to armane står for ulike bokstavar, tal og andre teikn.

Semaforalfabetet er eit av fleire kommunikasjonsmiddel som kom i bruk før telegraf og trådlaus radio overtok. Spesielt jernbanevesen og losvesen såg seg nytte av denne måten å senda meldingar på, og brukte den til korte koda meldingar om venta eller uventa fartøy i eit område. Semafor er fortsatt i bruk i dei militære styrkane i enkelte land som reservekommunikasjon som ikkje kan avlyttast eller lett forstyrrast. I speidarrørsla er det fortsatt til stades i speidarboka.

På faste signalstasjonar var det mogeleg å bruke lys, slik at ein òg fekk til også å sende om natta, men då vart det heller nytta morse eller blink. Bruk av slike signalstasjonar var mykje brukte omkring 1800-talet, med fleire system i bruk.

Utforminga av og fargen på flagga har variert etter kva ein har sett som lettast leseleg. Alfabetet nedanfor er framstilt slik ein ser det når ein mottar ei melding. Sendaren må altså gjere dette spegelvendt. Ein del av tilleggsteikna varierer frå land til land.

Bokstav: A, Tal: 1
Bokstav: B, Tal: 2
Bokstav: C, Tal: 3
Bokstav: D, Tal: 4
Bokstav: E, Tal: 5
Bokstav: F, Tal: 6
Bokstav: G, Tal: 7
Bokstav: H, Tal: 8
Bokstav: I, Tal: 9
Bokstav: J
Bokstav: K, Tal: 0
Bokstav: L
Bokstav: M
Bokstav: N
Bokstav: O
Bokstav: P
Bokstav: Q
Bokstav: R
Bokstav: S
Bokstav: T
Bokstav: U
Bokstav: V
Bokstav: W
Bokstav: X
Bokstav: Y
Bokstav: Å eller Z
Æ eller «Dei neste er tal»
Ø eller Overgang/annullerer
Klar/mellomrom
Feilmelding

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wisting, Tor (20. februar 2018). «semafor». Store norske leksikon (på norsk bokmål).