Semantikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Semantisk)

Semantikk (tydingslære, frå Gresk sema, teikn, relatert med semanoia, å signalisere) er studiet av tyding uttrykt i eit teiknsystem - eit språk, ein kode eller andre representasjonar - anten det er komplekse samansetningar (setningssemantikk) eller enkle (ordsemantikk, leksikal semantikk).

I tillegg vil nokre inkludere samanhengen mellom ytringsmeining (altså meininga eit uttrykk får som ytra i ein viss talekontekst) og uttrykksmeining i semantikken, medan andre meiner dette høyrer til pragmatikken. Semantikken vert sett i forhold til syntaks, altså studiet av korleis komplekse uttrykk vert bygd opp av enklare uttrykk, og pragmatikk, som studerer korleis aktørar nyttar teikn til å handle i spesifikke samanhengar og kontekstar.

Teoretiske tilnærmingar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om termar er ulike er det generelt godteke at eit uttrykk iallfall kan ha desse to hovudtypane av tyding:

  1. forholdet eit teikn har til objekt og objektive situasjonar, faktiske eller moglege
  2. forholdet eit teikn har til andre teikn, spesielt til dei mentale teikna ein tenkjer på som konsept

Forholdet mellom teiknet og objekt vert kalla referanse eller denotasjon (sistnemnde ord vert òg nytta om mengda av referentar, altså mengda av objekt som eit ord utpeikar). Forholdet mellom teiknet og dei teikna som praktisk hjelper til i tolking vert kalla konnotasjon, men her er det mange ulike meiningar og teoretiske nyansar. Mange teoretikarar (spesielt innan formell semantikk, pragmatikk og semiotikk) arbeider utelukkande med det denotative aspektet, medan andre (til dømes innan kognitiv semantikk) konsentrerer seg om det konnotative aspektet og skil skarpt mellom mentale konsept og uttrykk.

Ulike semantiske teoriar kan òg skiljast i forhold til kva dei konsentrerer seg for av dei ulike sidene til den semiotiske trekant, som deler opp ord i uttrykk, tyding og denotasjon.

Lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

Semantikken er det underfeltet av lingvistikken som studerer tyding i ord, fraser, setningar, og nokre gonger større einingar av diskurs (vanlegvis kalla tekstar). Som med andre røynslebaserte (empiriske) vitskapar involverer semantikken samspelet mellom konkrete data og teoretiske konsept. Tradisjonelt har semantikken inkludert studiet av konnotativ tyding («sense» eller «sinn» i Frege sin bruk), denotativ referanse, sanningsvilkår, argumentstruktur, tematiske roller (eller theta-roller), diskursanalyse og koplinga av alle desse til syntaks og pragmatikk.

Dekomposisjonell semantikk (strukturalisme)[endre | endre wikiteksten]

I semantisk strukturalisme, eller dekomposisjonell semantikk, vil ein hovudsakleg sjå på forholdet mellom uttrykk og tyding, og korleis ein kan byggje opp komplekse tydingar frå enklare tydingseiningar (sjå Frege sitt komposisjonalitetsprinsipp). I dette perspektivet kan ordtyding analyserast ved å definere atomære eller primitive tydingseiningar, som etablerer eit tankespråk. Eit studieområder er tydinga til samansetningar, eit anna er studiet av tydingsrelasjonar mellom forskjellige lingvistiske uttrykk (homonymi, synonymi, antonymi, polysemi, paronymi, hyperonymi, hyponymi, meronymi, metonymi, holonymi, eksosentrisk og endosentrisk).

Strukturalismen hadde sin glansperiode på byrjinga av 1900-talet, spesielt inspirert av arbeidet til Saussure, og har no ein mykje svakare rolle i semantikken, spesielt pga. vanskane med uklare kategorigrensar (men sjå Anna Wierzbicka, Ray Jackendoff og David Dowty for nyare strukturalistiske teoriar).

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.