Semb Hovedgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°23′58″N 10°27′00″E / 59.39944°N 10.45000°E / 59.39944; 10.45000

Semb Hovedgård
Land  Noreg
Kart
Semb Hovedgård
59°23′58″N 10°27′00″E / 59.39944444°N 10.45°E / 59.39944444; 10.45
Wikimedia Commons: Semb hovedgård

Semb Hovedgård er ein norsk herregard som ligg ved Borrevannet i Horten kommune i Vestfold.

Garden ligg ved riksveg 19, rundt 3 km sørvest for Horten sentrum. Hovudbygningen blei bygd i 1910 med Herman Backer som arkitekt.[1]

På den tidlegare Vestfold landbruksskole er det reist ein bauta over Jacob Sverdrup (1775–1841). Som den første landbrukslæraren i Noreg oppretta han eit «åkerdyrkingsseminar» på Semb Hovedgård i Borre i 1825.

Garden blei utvida då industrigründeren Sam Eyde kjøpte han saman med fleire naboeigedomar i 1916.

I 1990 blei Borre Golfbane etablert på eigedomen. I tillegg blei garden pussa opp og det blei bygd stutteri og nytt tennisanlegg.

I 2011 la eigaren Einar Nagell-Erichsen eigedommen på 1760 mål ut for sal til ei prisantyding på 170 millionar kroner.[2] Han fekk gjort om garden til aksjeselskap,[3] og la han ut for sal på nytt i juni 2020 med ei prisantyding på 95 millionar kroner.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bratberg, Terje (8. juni 2020). «Semb». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Bøe, Henrik (5. juli 2011), ««Norges deiligste eiendom» til salgs», NRK (på norsk bokmål), henta 12. juli 2020 
  3. Redaksjonen (4. juni 2020), «Semb Hovedgård blir aksjeselskap», kapital.no (på norsk), henta 12. juli 2020 
  4. Trine Solberg (22.06.2020), Nagell-Erichsen selger Semb Hovedgård 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]