Semnan-provinsen
Utsjånad
| Semnan | |||
| سمنان | |||
| Provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Region 1 [1] | ||
| Fylke | 8 | ||
| Hovudstad | Semnan | ||
| Areal | 97 491 km² | ||
| Folketal | 702 360 (2016)[2] | ||
| Språk | semnansk, persisk | ||
| Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
| • Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
![]() Semnan-provinsen 35°14′04″N 53°55′14″E / 35.234444444444°N 53.920555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Semnan Province | |||
Semnan-provinsen (persisk استان سمنان Ostān-e Semnān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg nord i landet med Semnan som provinshovudstad. Provinsen dekkjer eit areal på 96 816 kvadratkilometer og strekkjer seg langs Alborzfjella og grensar til ørkenen Dasht-e Kavir i sør.
Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]
Provinsen er vidare delt inn i fylka Semnan, Aradan, Damghan, Shahrud, Mehdishahr, Meyami, Sorkheh, Garmsar og Shahmirzad. I 2016 hadde provinsen kring 700 000 innbyggjarar.
Provinsen grensar i nord til Golestan og Mazandaran, i vest til Teheran og Qom, i sør til Isfahan og i aust til Khorasan-e Razavi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Semnan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
- ↑ «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
