Hopp til innhald

Semulegryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Semule

Semulegryn (òg semule eller semolina) er små gryn laga ved å grovmala kveitekjernar, særleg dei frå durumkveite.[1] Det blir brukt til å laga grautar, puddingar, pasta, kaker og couscous.[2] Nokre stader viser omgrepet også til gryn laga av mais og ris.[1]


Det italienske ordet «semolina» er danna frå semolino,[3] eit diminutiv av semola, ‘kli’, og kjem frå latin simila, ‘fint kveitemjøl’. Semolina som blir brukt til å laga den tradisjonelle pastaen blir male frå durumkveite. Mange stader i verda har ein tradisjonelt brukt semulegryn frå kveite til å laga grautar, puddingar og kaker. Semule blir òg brukt til å laga knödel i det sentraleuropeiske kjøkkenet.

Semulegryn er mellom anna del av det tradisjonelle norske kosthaldet, og eit får kjøpt det i dei fleste daglegvareforretningar i Noreg. Det blir gjerne brukt som tjukningsmiddel, og kan brukast i rettar som semulegrynsgraut, semulegrynspudding, russedessert eller rømmegraut.[4]

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

100 gram semulegryn gjev 338 kcal (1416 KJ) og inneheld om lag 12 gram protein, 66 gram karbohydrat og 2 gram feitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «semulegryn». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. «Definition of SEMOLINA», www.merriam-webster.com (på engelsk), henta 2. mars 2023 
  3. «Semolina». Oxford English Dictionary. Henta August 25, 2019. 
  4. «Semulegryn, hvetegryn med informasjon, oppskrifter og næringsinnhold», www.matoppskrift.no (på norsk), henta 2. mars 2023